Meny:
Hjem
Vestkyst Valen
Bustadsprosjekt
Vestkyst Husnes
Industriareal
Kontakt
Nyhetsarkiv

Prosjekt i Husnes sentrum

Klikk på bilete for full størrelse
 

Tiurvegen 2 - i sentrum av Husnes

 

I Husnes sentrum eig Vestkyst eit område med offentleg godkjend reguleringsplan for oppføring av 56 leilegheiter fordelt på tre byggjetrinn. Her er allereie eit bygg, dette inngår som byggjetrinn 2/B2 i planen og er godkjend med ein ekstra etasje. Det er lagt vekt på at bygningane skal ha ei estetisk plassering, og hensynet til naboar har vore viktig i samband med denne. Tomta ligg i indre del av Husnes sentrum - her har ein med andre ord gangavstand til det meste!

 


Offentleg godkjend reguleringsplan går ut på å føra opp to bygg i tillegg til eksisterande bygg B2. Eksisterande bygg/B2 vil då gjennomgå ei totalrenovering. Me ser prosjektet som ei ansiktsløfting for innfallsporten til regionssenteret frå sør. Leilegheitane i eksisterande bygg vert 50m2-90m2. Dei største vil få 2+ soverom. Ved kjøp av leilegheit i Husnes sentrum minkar det personlege transportbehovet og ein er ikkje så avhengig av bil. I planen er det lagt opp til å få store gode fellesområder for bebuarane.

 


Interessa for å bu sentralt og spesielt i sentrum av Husnes har vakse i takt med utviklinga av regionen. Mosvoldgruppen, Helle Eigedom og IF Storebrand har satsa og utvikla Husnes. Etableringa og utviklinga av Husnes Storsenter, som grensar til prosjektet vårt, har fungert som ei vitamininnsprøyting av dimensjonar. Bygdene Husnes, Sunde og Valen er i ferd med å voksa saman, for regionen betyr dette at Husnes utviklar seg og tilboda stadig vert fleire.

 


Då Halsnøysambandet, ein tunnel under Høylandssundet, opna i mars 2008 førte dette til at 2500 bebuarar på Halsnøy fekk kortare reisetid til ulike servicetilbod og arbeidsplassar elles i Kvinnherad. Det har óg vorte enklare for arbeidskrafta å ta seg fram til ulike stader på Halsnøy.

 


I juni 2009 vart det gjort vedtak om at det skulle byggjast lang Jondalstunnel. Kostnadsramme med tilførselsvegar vart estimert til kr. 801.400.000.- Arbeidet er avslutta og tunnelen vart opna av dåverande statsminister Jens Stoltenberg og lokale ordførarar i september 2012. Kortaste veg mellom Bergen og Oslo er no frå Bergen gjennom Jondalstunnelen og Folgefonnstunnelen, via Odda og over Haukeli 477km. Eit nytt ferjestø på Årsnes har erstatta det gamle på Løfallstrand. Vi ser at etterspørselen etter boligar i Husnes sentrum er der og at prosjektet i Tiurvegen 2 er interessant og aktuelt.

 
Klikk for å forstørra biletet.

 

Alternativt - Vi har hatt samtalar i forbindelse med at byggjetrinn B3 kunne vore gjort om til eit kombinasjonsbygg med næringsareal i høg 1. etasje med garasjeanlegg i grunnen og leilegheiter i 2. og 3. etasje. Ein kan då føra opp heis frå garasjeanlegget til leilegheitene i byggjetrinn B2 og B3.

 


Ei bygd i vekst vil få mangel på parkeringsplassar, og særskilt parkering under tak. For å møta etterspurnaden kan det bli aktuelt å planleggja eit parkeringshus på omlag 2 - 3000 m2 i grunnen under B3+. Denne moglegheita kan i første omgong bli eit tilbod for bebuarar i Tiurvegen 2.

 

Interessentar bes ta kontakt her.

 
Klikk for å forstørra biletet.

 


 

 

 
 
 Tilbake
 
Siste Nyheter
Halsnøy Dokk
Festidalen 2016
På veg til nye oppdrag
Vestkyst Valen på Facebook
20©03
Utviklet av
iDrift