Meny:
Hjem
Valen leilighet
Tiurtunet.no
Vestkyst Husnes
Kontakt
Nyhetsarkiv

Prosjekt i Husnes sentrum

Klikk på bilete for full størrelse
 

Tiurtunet er tenkt utbygd slik det framgår av skissene.

Landskapet i Husnes sentrum er flatt slik at det er behagelig gang og trilleavstand til det meste.

I sentrum av Regionssenteret Husnes er det godkjent reguleringsplan for oppføring av eit stort antall leiligheter.

 
Klikk på bilete for full størrelse

 


Offentleg godkjend reguleringsplan går ut på å føra opp to bygg i tillegg til eksisterande bygg B2. Eksisterande bygg/B2 vil då gjennomgå ei totalrenovering. Prosjektet vil bli ei ansiktsløfting for innfallsporten til regionssenteret frå sør. Leilegheitane i eksisterande bygg vert 50m2-90m2. Dei største vil få 2+ soverom. Ved kjøp av leilegheit i Husnes sentrum minkar det personlege transportbehovet og ein er ikkje så avhengig av bil. I planen er det lagt opp til å få store gode fellesområder for bebuarane.

 

 

 

 
Klikk for å forstørra biletet.

 


Interessa for å bu sentralt og spesielt i sentrum av Husnes har vakse i takt med utviklinga av regionen.
Brødrene Bakke/Butikksenteret og Familien Blokhus/Husnes Hotel tok til med utvikling av Husnes sentrum. Seinare har nye kome til og løfta det vidare. Mosvoldgruppen, Helle Eigedom og IF Storebrand har også satsa og utvikla Husnes. Etablering og utvikling av Husnes Storsenter, som grensar til Tiurvegen 2, har fungert som ei vitamininnsprøyting av dimensjonar. Bygdene Husnes, Sunde og Valen er i ferd med å voksa saman, for regionen betyr dette at Husnes utviklar seg og tilboda stadig vert fleire.
Husnes regionen er inne i ein ny vekstperiode. Hydro Husnes skal åleina tilsetja ca. 100 nye arbeidstakara.

 


Då Halsnøysambandet, ein tunnel under Høylandssundet, opna i mars 2008 førte dette til at ca. 2 000 - 2 500 bebuarar på Halsnøy fekk kortare reisetid til ulike servicetilbod og arbeidsplassar ellers i Kvinnherad, andre vegen så har det óg blitt enklare for arbeidskrafta å ta seg fram til ulike stader på Halsnøy.
Våren 2019 lukkast politikara i arbeidet med å avslutta bompengeinnkreving gjennom Halsnøysambandet. Frå hausten 2019 avsluttar ein innkrevjing av bompengar i Hasnøysambandet.

 
Klikk for å forstørra biletet.


Det er bygd lang Jondalstunnel, tunnelen vart opna av dåverande statsminister Jens Stoltenberg og lokale ordførarar i september 2012. Det er uttalt at kortaste veg mellom Bergen og Oslo er no frå Bergen gjennom Jondalstunnelen og Folgefonnstunnelen, via Odda og over Haukeli 477 km. Eit nytt ferjestø på Årsnes har erstatta det gamle på Løfallstrand.

 


Det har vert interesse for å kjøpa ut område B3 til leilighetsformål. Etter råd frå utbyggara er ein gått vekk frå denne tanken fordi det ville øydelagd planen om eit tun sett under eit.

 


Eksisterande bygg legg beslag på ca. 9 % av totalt tomteareal og inngår i ein godkjent reguleringsplan der det er godkjent 56 leiligheter.
Kva med å bruka eksisterande bygg/B2 til ulike formål undervegs. Her er resepsjon, møterom, grupperom m.m. Ute er det store parkeringsareal.

 

Markedet etterspør leiligheter med parkering i grunnen. Dette inngår ikkje i godkjent reguleringsplan, men er mulig å opparbeida under område B3.
Det er slik her som andre stader at folk flyttar frå meir perifere områder og inn til sentrum/regionssentera der ein finn det meste.

 

Frivillighetsentralen tok for ei tid side initiativ, dei undersøkte kor mange som kunne vera interessert i leilighet i Husnes sentrum, responsen var stor og dermed oppstod ei Seniorgruppe, dei er ute i markedet og etterspør eit bygg med mange leiligheter. Kva med byggetrinn 3 i område B3 ?
Me har hatt Seniorgruppa på besøk fleire ganger, dei viste interesse for område B3. Dei gav uttrykk for at parkering i grunnen var eit behov.

 


Hydro Husnes er inne i anleggsperiode, både Hydro Husnes og andre bedrifter er i modus der dei tilset nye arbeidstakara. I tidleg anleggsperiode er det overnatting som er mest etterspurt, i andre enden av ein anleggsperiode oppstår etterspørsel etter permanente boligar.
Husnes, der ein finn det meste innanfor gang og trilleavstand, blir eit pressområde.

 


Historikk.
I 2005 vaks tanken fram om at det i framtida, for mange, ville bli interessant og praktisk å bu der dei fleste tilboda var å finna. Då henvendte me oss til kommunen og fekk god hjelp gjennom dialog og gode råd. Slik vaks tanken fram om at Tiurtunet kunne bli eit seniortun. Dette er seinare presantert for fleire.
Då me først presanterte det i 2006 var me nok litt tidleg ute.
Seinare har Kvinnherad Kommune gjennom Folkehelseoversikten dokumentert at «Eldrebølgen» vil slå kraftigare ut for Kvinnherad sin del enn for andre stader ein kan samanlikna seg med.
Kva då med ideen om at eldre kan flytta frå meir perifere stader og inn til sentrum. Sånn sett kan ein bu heima og over lengre tid og ta større ansvar for egen alderdom.

 

Tiurvegen 2 / Tiurtunet, med godkjent reguleringsplan for oppføring av 56 leiligheter, kan egna seg godt som eit tun der ein legg til rette for vaksne over ein viss alder.
Kan dette også kombinerast med ein del kommunale tenester ?

 


Regionssenteret vil få mangel på parkeringsplassar, særskilt parkering under tak. For å møta etterspurnaden kan det bli aktuelt å planleggja parkering i grunnen under Byggetrinn 3 / område B3.
Det kan då også leggast til rette for heis frå garasjeanlegg til leiligheter ?

 
Bildet er fra tiden like før Husnes Storsenter førte opp nye bygg i sentrum

 

 

 

 

 


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

 

 

 


 
Vannforsyning til og frå Husnes er oppgradert, Opsangervegen også.
 
 Tilbake
 
Siste Nyheter
Tiurvegen 2 for sal eventuelt utleige.
Fredar Baroniet
20©03
Utviklet av
iDrift